top of page

No opnar vegen inn til Lærdal statsalmenning!

Den nye utsettingsrampa ved Kvevatnet

Frå i ettermiddag, 13. juli, kan du køyra heilt inn til Kvevatnet og ta deg ein fisketur i Lærdal statsalmenning.

Vanlegvis er det fast opningsdato for vegen 20. juli, men på grunn av den tidlege og varme sommaren har fjellstyret etter dialog med NVE og Østfold Energi fått til opning alt frå fredag 13. juli. Med andre ord er det berre å koma seg til fjells!

Info om prisar for og kvar ein kan få kjøpt fiskekort finn du under fana «fiskekort».

Det er ein ny parkeringsplass ved Kvevatnet i samband med utsetjingsrampa for båtar. Denne parkeringsplassen er berekna for bilar og ikkje båthengarar. På parkeringsplassen skal det vera plass til å snu og rygga ned, så Fjellstyret oppmodar om at ein tek hengaren med heimatt når båten er sett ut.

 
Siste innlegg
Arkiv
Søk etter tags
Følg oss
  • Facebook Basic Square
  • Twitter Basic Square
  • Google+ Basic Square

© 2017 by Lærdal fjellstyre.

  • Facebook Social Icon
  • Twitter Social Icon
  • Google+ Social Icon
bottom of page